Katastrofetimen med Anders Totland

Katastrofetimen med Anders Totland
Dato
Lør 14. nov
Tid
kl. 11.00
Serie
Lørdagsmoro
Pris
kr 0,-
confirmation_numberHent billetter

Den populære forfattaren Anders Totland kjem til Gjesdal folkebibliotek på ein elles så vanleg laurdag.

På ti år har Anders Totland gjeve ut meir enn 20 bøker for barn, ungdom og vaksne. No er han aktuell med ein heilt ny bokserie for barn. I Katastrofedagbøkene følgjer me ni år gamle Samson og bestevenen Alva, som har ein lei tendens til å hamna i trøbbel, både av det komiske og litt meir alvorlege slaget.

Bøkene er morosame og spennande, og akkurat passe actionfylte, og har blitt samanlikna med Emil i Lønneberget (berre med meir detaljar og humor). For å sitera skulebibliotekar Tonje Noréa Gauden: "For dei som likar forteljingar med heseblesande driv, men er litt lei detektivseriar, kan dette fort bli innertiar."

Og best av alt? Det finst allereie fire bøker i serien, og dei tre
neste er venta i 2027. Her kan dei yngste lesarane verkeleg fråtsa i artige historier. Når Totland kjem på besøk, blir det høgtlesing og musikk, og ganske sikkert eit sprell eller to.

Velkomne til biblioteket!

Dette er ei framsyning som passar særleg godt for barn i alderen 5 - 9 år.

Praktisk informasjon

Sceneadd

Lørdagsmoro har ikke fast scene. Ulike forestillinger passer på ulike steder og skulle det bli veldig fult, kan det og være at vi flytter forestillingene til en større scene.

Aldersgrenseadd

Det er ingen aldersgrense på lørdagsmoro, men arrangementet passer best for barn 3 år og oppover

Billetter og ledsagereadd

Forestillingene er gratis, men vi anbefaler at du henter ut gratisbillett på linticket for å være sikker på å få plass.

Husk å melde på både voksen og barn. Barn under 1 år som sitter på fang trenger ikke å registreres

Alle barn må være i følge med en voksen.

Om lørdagsmoroadd

Lørdagsmoro er Veveriets kulturprogram for barnefamilier. I samarbeid med Gjesdal folkebibliotek inviterer vi til forestillinger, konserter, lesestund og andre opplevelser for de yngste.